Norsk etternamnleksikon

Författare/redaktör: 
Olav Veka
Undertitel: 
2. Utgåva. Revidert, oppdatert og utvida
Information: 

Norsk etternamnleksikon inneheld alle etternamn, norske og innvandra, som har fleire enn 25 namneberarar. Boka er revidert etter 20 års bruk, fagleg oppdatert og utvida. Kjende namn, historiske namn, uvanlege namn og namn som er språkleg og kulturelt interessante, er omtalte endå om dei har færre enn 25 berarar. Eigne fagfolk har skrive om samiske og finske etternamn. Norsk etternamnleksikon er ei uunnverleg handbok for alle namneinteresserte, og er nyttig for slektsgranskarar.  

Olav Veka (f. 1942) var i mange år lektor i vidaregåande skule. Han har skrive både lærebøker og ordbøker. 

ORDBOK | ISBN: 9788252186079 | 640 sider

Pris: NOK 449,- 

Frå bakre omslag:

  • Einaste norske leksikon over etternamn
  • Det mest omfattande i Norden
  • 27 000 etternamn, 2 000 nye i 2. utgåva
  • Forklaring til 16 480 gardsnamn: største norske stadnamnleksikonet
  • Forklarer opphav og tyding
  • Tal på namneberarar i 2012 og 1993.
  • Viser utviklinga i norsk etternamnkultur dei siste 20 åra
  • Artiklar om samiske og finske namn
  • Namnestatistikkar og kart
  • Både norske og utanlandske etternamn

 

Publiceringsår: 
2016
Beställ: 
Det Norske Samlaget (http://samlaget.no/search?q=etternamn&submit=S%C3%B8k)